KURS I NORSK TRADISJONSYSTING


Helge Gudheim har bygt op eit lite kursysteri i heimen sin i Ulnes i Valdres, og har halde fleire kurs i norsk tradisjonsysting. Det vil seia at forskjellige tema frå boka YSTING I VALDRES er gjorde om og nedskalerte til praktisk retta kurs, med vekt på dei gamle teknikkane og reidskapane.

Førebels er ikkje noko nytt ystekurs planlagt, men send gjerne ein e-post dersom du er interessert i at det blir arrangert nytt kurs.

Helge Gudheim gav i 2013 ut boka "Kinning, bresting og YSTING I VALDRES sett i norsk og internasjonal samaheng". Boka har fått særs god omtale, og blir sett på som ein tungvektar innan dette området. Helge Gudheim vart både i 2017 og 2018 plukka ut til å vera ein av finalistane til å få "Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris" på grunn av arbeidet med denne boka.

I 2017 gjorde forfattaren boka om til eit praktisk ystekurs, som tok for seg både søt og sur side. To slike kurs vart haldne i 2017, med til saman 22 deltakarar.
I 2018 vart det halde eit ystekurs for søtost med 12 deltakarar, og eit nytt tilsvarande kurs i 2019, også det med 12 deltakarar.

Helge Gudheim har bygt opp eit lite ysteri i heimen sin, der han brukar tradisjonelle reiskapar som sveiveseparator, jerngryte på vedfyrt ringomn, trekjerald til å presse ostane i og standkinne av tre til kinninga av smøret.

Kvitostystinga er ein upasteurisert, halvmager kvitost. Halvparten av mjølka blir separert, og den andre halvparten er heilmjølk. Kurset handlar om praktisk kulturformidling av den ystetradisjonen som i tidlegare tider vart utført på stølane i stor delar av landet vårt.


DELTAKARANE på ystekurset i april 2017.