YSTING I VALDRES

Om forfattaren
Pasted Graphic
Helge Gudheim (f 1957) har samla, redigert og skrive denne boka om «Ysting i Valdres». Han er oppvaksen på gard og busett i Ulnes i Nord-Aurdal, ei snau mil vest for Fagernes. Etter eitt år i USA, artium og avtent verneplikt, fekk han sumarjobb som journalist i lokalavisa, «Valdres», i 1979. Planen var å studere etnologi, men eit årsvikariat som journalist i avisa frå januar 1980 har ført til nær 40 års journalistisk virke.

Han arbeidde også ein vinter på 1980-talet som journalist i Aftenposten, og har etter kvart vore involvert i fleire bokprosjekt.

Gjennom 38 år som journalist har Helge Gudheim arbeidd med dei fleste stoffområde. Mykje har handla om kultur, reportasjar og nyheiter, og han ser på seg sjølv som ein tradisjons- og kulturformidlar. Helge Gudheim har opp gjennom åra laga mange seriar i avisa Valdres – om lokal dialekt, byggjeskikk, folkedrakter, interiør, landbruk, hotell, gamle gjenstandar og fotografi – ikkje minst frå stølslivet i Valdres.

Ein stor avisserie gjennom 14 år – på bortimot 350 artiklar om tradisjonsmaten i Valdres – har også vore med å danne grunnlag, interesse og kjennskap til informantar og kultur, noko som kom godt med då dette djupdukket i ysting vart påbegynt i 2005 og avslutta ved utgjevinga i mai 2013.

Helge Gudheim har til no vore involvert i følgjande bokprosjekt:

1982: Medforfattar i «Vest-Oppland og Valdres» i serien
            «Bygd og by i Norge», utgjeven av Gyldendal Norsk Forlag.
1995: Medlem av skriftstyret for «Ulnes kyrkje 750 år».
2002: Fotograf og forfattar av boka «Interiør frå Valdres»,    
            utgjeven av Det Norske Samlaget.
2013: Ein av fire omsetjarar av «Lite missale», den
            katolske liturgien omsett til nynorsk, utgjeve av
            St. Olav Forlag.
2013: Forfattar, fotograf og utgjevar av «Kinning, bresting
            og YSTING I VALDRES sett i norsk og internasjonal    
            samanheng».
2013: Bilderedaktør for band C av «Gard og bygd i Nord-
            Aurdal» i serien Valdres Bygdebok.
No: Han held på med ei ny bok, denne gongen ei bok med gamle bilde frå Valdres, men utgjevingsdato er ikkje fastlagd enno.