YSTING I VALDRES


DSC_6002 (1)
Kurs i norsk tradisjonsysting

= FULLTEIKNA!


12 PERSONAR HAR MELDT SEG PÅ DETTE KURSET, OG DERMED ER DET FULLT. DET KAN BLI FELIRE KURS I FRAMTIDA, MEN DETTE ER FØREBELS IKKJE KONKRETISERT.


Kurs i ysing av SØT KVITOST og søt BRUNOST og kinning av SMØR.

Bokforfattar Helge Gudheim har gjort delar av innhaldet i boka YSTING I VALDRES om til praktiske kurs, med vekt på dei gamle teknikkane og reidskapane.

Tid:
fredag 30. august kl 18–21.
laurdag 31. august kl 09–ca. kl 18.
Stad: På garden Vangsnes i Ulnes, 8 kilometer vest for Fagernes (langs E16).
Pris: 1200 kroner (inkluderer kaffi fredag og lunch laurdag).
Overnatting: Det er tre doble og eitt enkeltrom som deltakarane kan leige på garden (450 kr. pr. person m/enkel frokost), elles har Svennes Camping (1 km unna) campinghytter, og det er hotell på Fagernes og pensjonat i Røn.

Helge Gudheim gav i 2013 ut boka "Kinning, bresting og YSTING I VALDRES sett i norsk og internasjonal samaheng". Boka har fått særs god omtale, og blir sett på som ein tungvektar innan dette området. Helge Gudheim vart både i 2017 og 2018 plukka ut til å vera ein av finalistane til å få "Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris"

I 2017 gjorde forfattaren boka om til eit praktisk ystekurs, som tok for seg både søt og sur side. To slike kurs vart haldne i 2017, med til saman 22 deltakarar.
I 2018 vart det halde eit ystekurs for søtost med 12 deltakarar.

Siste helga i august 2019 blir altså kurs nummer fire halde, og det er separering, kvit halvmager søtost, vanleg søt brunost og kinning av smør som står på programmet. Kurset er på ca. 12 timar.

Helge Gudheim har bygt opp eit lite ysteri i heimen sin, der han brukar tradisjonelle reiskapar som sveiveseparator, jerngryte på vedfyrt ringomn, trekjerald til å presse ostane i og standkinne av tre til kinninga av smøret.

Kvitostystinga vil bli ein upasteurisert, halvmager kvitost. Halvparten av mjølka blir separert, og den andre halvparten er heilmjølk. Kurset handlar om praktisk kulturformidling av den ystetradisjonen som i tidlegare tider vart utført på stølane i stor delar av landet vårt.

Kurset må ha seks deltakarar for å bli gjennomført, og det er maksimalt plass til 12 deltakarar. Påmelding skjer ved innbetaling av kursavgifta på 1200 kroner til kontonummer: 2325.15.42309. Send samtidig ein e-post til post@matogkultur.no med opplysningar om namn, adresse, e-post og telefonnummer. Dersom kurset ikkje skulle bli halde, får du heile deltakaravgifta attende.

Ved påmelding vil du få tilsedt kursmateriellet, som er eit hefte på 18 sider, på e-post, slik at de kan lesa det føreåt. Ved kursstart får deltarane det same heftet i papirform.


DSC_5981
DELTAKARANE på ystekurset i april 2017.