Ny bok med gamle bilde frå Valdres:

Helge Gudheim i Mat & Kultur AS kom i oktober 2024 ut med ny bok: I Knud Knudses hjulspor gjennom Valdres.

Dette er ei bok på 428 sider i liggjande A4-format, med rundt 280 gamle bilde frå Valdres tekne av landets fyrste landskapsfotograf: Knud Knudsen (1832–1915) med base i Bergen.

Knudsen kom på åtte fototurar gjennom Valdres mellom 1871 og 1897, og Gudheim har fotografert omatt dei same motiva i vår tid. I tillegg innheld boka ein fyldig biografi, og ei forklaring av fototeknikken med store glasplater og mobilt mørkerom.
Boka blir kostande 500 kroner i utsal (som berre er 1,17 kroner pr. side).

Boka er no tilgjengeleg på følgjande ca. 30 utsal:
Etnedal:
Matkroken
Bygdebørsen

Nord-Aurdal:
Coop Extra Fagernes
Eurospar, Fagernes
Fagernes Landhandel
Kiwi Aurdal
Kiwi Fagernes
Kiwi Leira
Norli Bokhandel, Fagernes
Norsk Flid Husfliden
Noraker Rakfisk, Aurdal
Scandic Valdres, Fagernes
Turistkontoret Fagernes (Visit Valdres)
Valdresmusea, Fagernes

Sør-Aurdal:
Begna Daglivare (Joker)
Coop Prix Bagn
Sporten Bagn

Vang:
Coop Prix Fjellvang
Filefjellsenteret
Joker Ryfoss

Vestre Slidre:
Coop Prix Slidre
Fosheim Sag, Røn
Vasetsenteret, Røn
Kiwi Røn

Øystre Slidre:
Gamal Årgang, Beitostølen
Joker Heggenes

Dokka:
Norli Ringo Dokka

Oslo:
Molo AS, Erling Skjalgsonsgate
Bislet bok, Theresgate

Odda:
Norli Odda


Ny pris på ysteboka: 300 kroner

Boka Kinning, bresting og YSTING I VALDRES sett i norsk og internasjona samanheng kom ut i 2013, og har vore i handelen sidan den tid til full pris: kr. 580. Prisen blir frå hausten 2024 sett ned til 300 kroner pr. stk – eller 55 øre pr. side. Endringa vil skje gradvis ute hjå forhandlarane, etter kvart som eg (Helge Gudheim) får arbeidd meg gjennom forhandlarlista og gjort endringa hjå dei.

Det tok tre årsverk i løpet av åtte år for å laga boka ved sida av.  Eg har selskapet Mat Kultur AS, og boka vart klar for markanden i 2013. Men innhaldet i boka er eigentleg tidlaust, og vil i mange år framover vera ein solid dokumentasjon av den førindustrielle ystetradisjonen, og livet på stølane. Boka er skrive med Valdres som utgangspunkt, men mesteparten av innhaldet vil vera aktuelt for stølslivet og stølskulturen også i resten av landet. Alle område som har hatt aktiv støling, vil finne gjenklang i stoffet.

Difor er dette er eit verk for deg som vil lære om ysting som tradisjons-handverk og som ynskjer å få innblikk i kulturen rundt ystinga – i ei norsk fjellbygd – sett i norsk og internasjonal samanheng. Du som ystar får tilgang til oppskriftene – medan den kulturhistorisk interesserte lesaren får innblikk i ein viktig, men ofte gløymd del av vår nære historie; mjølkematen. Boka er unik i norsk samanheng, sidan ein tilsvarande dokumentasjon av ein ystetradisjon truleg tidlegare ikkje er laga her i landet.

NRK TV omtala hausten 2023 denne boka som "referanseverket for norske ystetradisjonar". Matskribent Andreas Viestad har karakterisert boka som «Et mesterverk».

Forhandlarliste finn du i menylinja øvst til venstre!


Boka er i stort format og er på 540 sider. Kvar bok veg tre kilo. Når eg no set prisen ned til 300 kroner, vil dette vera ei uvanleg rimeleg bok (i forhold til storleiken). Dersom du samanliknar med prisen på andre bøker, og til dømes vurderer bøker etter side- eller kilopris, så vil du snøgt oppdage at dette eigentleg er ei rimeleg bok – i forhold til alt stoffet du får!

Boka inneheld:

 detaljerte intervju med 35 eldre budeier frå Valdres.

 kunnskapen etter 200 informantar frå 1930-talet.

 1020 gamle og nye bilde, tabellar og kart.

 540 sider i stort format (25 x 33 cm). Boka veg 3 kilo.

 ei riksdekkjande liste med 184 osteprodusentar.

 ei liste med omtale av 292 norske og internasjonale osteprodukt frå vår samtid.

 dialektordliste med over 3300 ord knytt til ost og ysting.

 samanlikningar mellom norske og internasjonale ystetradisjonar.

 informasjon om materialtypar (treverk), kopar/jern, vaskemetodar og ysteustyr.

 eit kritisk blikk på korleis landet vårt har teke vare på ystetradisjonane våre.

 autentiske og særs detaljerte oppskrifter på rundt 20 tradisjonelle mjølkeprodukt – sett inn i den kulturhistoriske samanhengen på gardar med stølsdrift. 

   Dette er i hovudsak smør, surmjølksostar (pultost og gamalost), meir eller mindre skumma søtmjølksostar og brunostar av sur og søt myse. 


Boka kom med mykje ”nytt” – og for mange truleg ukjent materiale – særleg om gamalostane.

I denne boka er gamalostmaterialet delt i sju typar ost, sortert etter teknikk, og det mest spesielle vil vera ein grundig dokumentsjon også av ukokte gamalostar. Fleire typar pultost/knaost er også omtala, og det blir peikt på at det reint teknisk er forskjell mellom tradisjonell og moderne søtostysting.

Frå midten av 1900-talet har mjølkebilane reist med mjølka. Dermed viskast dei munnlege ystetradisjonane med åra ut, og forfattaren ynskjer med denne boka å berge den handlingsborne kunnskapen om tradisjonsystinga over i skriftleg form. Dei siste 30 åra har me opplevd ein renessanse for gardsysting her i landet, men det er i seg sjølv ingen garanti for at dei lokale ystetradisjonane blir vidareførde. Samstundes held meieriindustrien fram med å sentralisere si verksemd.

Boka er skriven med "upasteuriserte brille" – fordi mesteparten av tradisjonsystinga var av rå mjølk ved låge temperaturar. Dette står i stor kontrast til dagens "heilpasteuriserte", norske mjølkeindustri.

Bøkene blir anten levert direkte av utgjevaren, eller dei blir sende som postpakke.

Utgjevar:

Mat Kultur AS

Tyinvegen 749

2918 Ulnes.

Nettside: www.matogkultur.no

E-post: post@matogkultur.no

Organisasjonsnummer: 911646978 MVA.