DEMONSTRASJONSYSTING 

Både i 2017 og 2019 tok Helge Gudheim med seg den vedfyrste ystegryta si, mjølk, ved, rumme, kinne og diverse utstyr til Norsk Rakfifskfestival på Fagernes. Der rigga han seg opp med partytelt ute i gata, og gjennomførte i løpet av ein dag ysting av ein kvitost, innkoking av mysa til brunost og kinning av smør. Publikum fekk sjå heile prosessen, og sjølve vera med å røre i gryta og å kinne smør. Dampande godlukt frå den kokande mysa trekte til seg mykje folk begge gongene.

Det er særs få som på denne måten demonstrerer heile ystinga ute i det fri i våre dagar – på messer og festivalar. Difor der dette eit ganske sjeldsynt opplegg.  Dersom du har lyst til at Helge Gudheim skal ta med seg ystegryta og koma til ditt arrangement for å syne ysting på tradisjonell måte – som eit event, så er det berre å ringe for å avtala opplegg og pris. Telefon: 48091815.